LightWEB
LightWeb
 
 
 
 


N A T U R L E G   H E S T E H A L D

 
 
 
 
 
 
N A T U R L E G   H E S T E H A L D

Naturleg hestehald for hesten:
Leve i ein flokk, ute året rundt, stadig på vandring, ete forskjellige planter, utan sko, utan dekken, utan tvang.

Naturleg hestehald for mennesket:
Leggje til rette for at hesten får tilfredsstilt dei naturlege behova sine og dermed få ein frisk, robust, roleg og arbeidsvillig hest

Villhesten lever i flokkar på grassletter, i ørkenen, i fjæra, på fjellet eller i skogen. Dei er tilpassa eit variert klima, også tilsvarande det vi har i Noreg. Mesteparten av dagen er hestane i bevegelse i lag med flokken sin og beiter gras eller andre planter for det meste frå bakken. Nokre timar for dagen ver brukt til leik eller anna rask aktivitet. Hestar søv veldig lite og er i aktivitet mesteparten av døgnet. Naturleg levealder for ein hest er ca 40 år.

Kvifor lever då mange moderne hestar berre 12-15 år og er i mange høve utslete for dei er 10 ?
Kan dei unaturlege forholda mange byr hestane vere med på å forkorte livet med 60% og gi mange plager?  Kan grunnen til mange sjukdomar vere at vi påtvingar hestane ein sivilisasjon som dei ikkje er særleg tilpassa til genetisk og utviklingsmessig?  Og korleis kan vi gi hestane eit mest mogleg naturleg liv, samstundes som vi kan bruke dei til forskjellige føremål som vi menneske ønskjer oss?

Samanlikning mellom naturleg miljø og vanleg oppstalling



 
 
 
 

U T E G A N G   &   F L O K K L I V

Det ligg djupt i hesten sin natur å høyre til ein flokk i alle faser av livet.  Eit byttedyr må alltid vere på vakt mot angrep av rovdyr og i flokken går denne jobben på omgang.  Dei andre hestane kan då kvile i fred, ete i fred eller stelle kvarandre i fred.  Samhandling med andre hestar er i tillegg viktig for at føllet og unghesten skal lære god oppførsel.  Det er vitalt for hesten sin helse å høre til i ein flokk.


I naturen består ein hesteflokk av hestar i varierande alder.  Vi har fleire typar flokkar alt etter kjønn og funksjon. Reproduksjon og familieliv går føre seg i flokkar med merrer og deira føll og hingst og unghestar som enno får følgje denne flokken.  Hingsten bedekker merrene og er far til følla som vert fødd, men det er ein matriark, ei merr som er flokken sin leiar.  Dei andre merrene i flokken er ofte i slekt med leiarmerra, søstre, døtre osv.  Leiarmerra kan ha svært forskjellig leiarstil, men ho vil vere den som tek initiativ til kva flokken skal gjere.  Innafor flokken finn vi både ein hierarkisk orden, men også alliansar og venskap på tvers av denne.  Følla veks opp og vert oppdratt til skikkelege hestar av heile flokken.  Ei slik gruppe består vanlegvis av 2 til 10 merrer, men 5-6 er mest vanleg. Fleire slike flokkar kan følgjast åt og hingstar og merrer kan skifte flokk, særleg i brunsttida.  Slike grupper av flokkar kjenner kvarander og vil samarbeide om det trengs, og særleg om ei fare truar. Unge merrer kan streife mellom flokkar, gjerne i grupper på 2-4 før dei finn ei familiegruppe å etablere seg i.  Hingstane organiserar seg i tilsvarande ungkarsflokkar og dei fleste hingstar vil aldri greie å oppnå sitt eige harem. Men dei kan av og til sleppe til og bedekke ei merr om leiarhingsten ikkje er vaken nok.  Nye flokkar dannast dersom merrene vil velge seg ein ungkar å slå seg i lag med. Våre tamme hestar har det same behov for flokkliv som sine ville artsfrendar.  Dei må ha høve til å gå i flokk og samhandle med sine venar.  Hestar som trivst godt i lag bør så langt det let seg gjere ikkje skillast.  Har ein fleire hestar er det betre for dei å få gå i ein variert samansett flokk enn i lag med berre jamnaldringar.  Føll må for å utvikle seg normalt vekse opp i ein flokk der dei kan lære seg variert atferd i forhold til forskjellige hestar og rollar.  Unghingstar og vaksne hingstar som ikkje går i lag med ein merreflokk, må aldri isolerast, men få sin eigen ungkarsflokk.

Utegang
Skal hestane få leve ut sitt sosiale liv kan dei sjølvsagt ikkje bu inni ein boks.  I naturen streifar hestar på store område for å finne den beste maten, vatn, le, luftige plassar med lite insekt og for å flykte eller oppsøkje andre hestar.  Så store område er vanskeleg å ha hand om for dei fleste hesteeigarar, men uteområdet som er heimen til hestane må tilretteleggjast for i størst mogleg grad kunne tilfredsstille flest mogleg av hestane sine behov.  Det beste er sjølvsagt om hestane kan få eit naturareal på over 50 da, då dei vandre sjølv.  Men med litt innsikt og fantasi kan dei aller fleste behov tilfrdsstillast også på mykje mindre areal.

Fri rørsle
Det er avgjerande for hestars helse og trivsel at dei stadig har høve til og vil røre seg.  Hesten vil ikkje som oss liggje i ro og sove 1/3 av døgnet, men må bevege seg heile tida for å sikre sirkulasjon i alle cellene i kroppen.  Hesten sitt hjerte er mykje mindre enn kva som er nødvendig for eit så stort dyr, og treng hjelp av stadig arbeidande muskulatur for å klare å halde blodtransporten optimal.  Både muskeltonus, hovar, og evne til å utskille avfallsstoff er avhengig av at hesten rører seg.  For helsa sin del bør hesten gå minst 15-20 km om dagen. Psyken til hesten er også avhengig av friheit.  For å kunne slappe av må hesten ha oversikt og kunne røre seg fritt.  Og han må kunne halde avstand til eller nærme seg andre hestar etter ønskje.  Rett avstand til andre individ er heilt avgjerande, både for den som må fløtte seg og den som hevdar plassen.  Ute vil hesten sin trong til aktivitet verte omgjort til handling, medan om hesten vert innestengt tar denne trongen uheldige vegar og vi finn det att som tvangshandlingar.  Vi kan også måtte forhalde oss til ein hest som når vi skal arbeide med den er meir opptatt av å få utløp for trangen til ø røre seg enn å bry seg om oss om ikkje trangen til rørsle er i ballanse.

Frisk luft
Hestar er sårbare for forureina luft.  Anten det er Tilgang til naturleg mat Hestar treng variert kost, men er i utgangspunktet ein spesialisert grasetar.  Den som veit mest om kva hesten treng er han sjølv, og han vil oppsøkje planter og anna i naturen for å tilfredsstille trangen til næringstoff.  Ville planter inneheld meir mineral og sporstoff ein dei dyrka, og dei har medisinsk effekt.  Det er difor viktig at hestar har tilgang til naturlege områder å beite i.  Denne maten er hestar tilpassa til gjennom millionar av år, og dette er grunnlaget for god helse.  Økologisk dyrka grovfôr er eit naturleg suplement til beite, og vil om vinteren vere hovudkilda til nok mat.
 
 
 
 
 
 
 
B A R F O T

Kan hestar gå utan sko?

Ingen dyr har sko frå naturen si side. Dei vert født med hovar, klauver eller poter som gjer at dyret kan bevege seg fritt kvar dag heile livet. Alle ville hestar går utan sko, og i mange kulturer går hestane utan sko også idag. Fleire i vår kultur ser også at det er sunt og bra at hestane går utan sko, og med litt kunnskap kan hesten gå barfot i all slags bruk Hoven har mange viktige funksjonar. Den aller viktigaste er å bære vekten av hesten. Støtdemping, heile hoven utvider seg når den bærer vekt. hoven har en støtdempende funksjon liknende den vi finner i luft- eller gel-fylte løpesko. Sirkulasjon, når hoven settast i bakken og sida løftast vil den hjelpe hjarte å pumpe blod rundt i kroppen. Hesten har eit veldig lite hjarte i høve til storleiken på kroppen Isolasjon Hovkapselen fungerer også som isolasjon for de indre delene. Dette er særlig viktig for hester som lever i kalde klima. At høvene er riktig verka og funksjonelle er heilt avgjerande for at ryggen og resten av musklane til hesten skal kunne arbeide rett.

Korleis kan hesten min bli ein velfugerande barfothest?

For det første bør du lese desse to bøkene:
-Et sunt og naturlig hesteliv av Hiltrud Strasser
-Hesteeierens håndbok i naturlig hovrøkt av Jaime Jackson

Delta på barfotsamling, den neste er laurdag 6.nov. Der treffer du andre med same interesse og kan få mange gode idear forhestehaldet ditt. Få hjelp av vår dyktige hovverkar Sigbjørn Ånes til å ta av skoa og gi hesten ein korrekt barfottrim. Han kan følge deg og hesten opp og hjelpe deg til meir og meir ta ansvar for hovstellet om du ønskjer det. Om du vil kan du la oss ta ansvaret for hesten din i overgangs-perioden med både utegang, barfottrim og anna behandling. Høvane må verkast av ein person med kunnskap om trimming av barfothester. Det er ein del grunnleggjande forskjellar mellom ein hovslagars "beitetrim" og en "barfot-trim Ein tradisjonell beskjæring vil ofte føre til at hesten blir sårbeint og at hovveggen flisast opp.

Barfothestar kan vere store, Barfothestar kan vere små.

Overgangen til barfot
Ein hov som har vore skodd er ofte svekka på fleire måtar. Dette kan ikkje reparerast - ein frisk hov må få vokse ut på nytt, ved hjelp av korrekt trimming og mykje rørsle. Det tar ca eit år frå hovveggen veks ut frå kronranda til den når bakken. Når ein tar av skoa er det ganske vaneg at hesten blir sårbeint i ei periode. Det lønar seg difor å ha kjøpt inn boots før overgangen til barfot, eller å ha tid til å gi hesten fri om han vert sårbeint. Etter kvart som ny hov veks ut vil kvaliteten stadig verte betre, og hesten kan brukast på stadig fleire underlag utan problem. Nokre hestar fungerar problemfritt frå første dag mens andre brukar lang tid.

Les også Sigbjørns artikkel om barfot hestehald.


R E H A B I L I T E R I N G

Rehabilitering av hestar ved naturleg hestehald?

I alt hestehald er det opp til den einskilde å finne ut av kva det er som hindrar dei organiserande kreftene i kroppen til hesten til å ta kontroll og halde hesten frisk og velfungerande. Om ein ikkje får det til sjølv bør ein søkje hjelp av nokon som kan bistå i prosessen.



Det er nok dessverre ikkje slik at det er ei oppskrift for å kunne lukkast med barfothest. akkurat som med td barneoppdragelse. Det "kjem alltid an på".........

Den friske velfungerande barfothesten
I mine auge er det ein stor skilnad på kva som skal til om ein i utgangspunktet har ein velfungerande barfothest eller om utgangspunktet er ein hest som treng seriøs rehabilitering og tett oppfølging. Ein frisk og velfungerande barfothest kan tåle mange fleire manglar i miljøet og likevel klare seg godt. Ofte er det ein grei oppgåve for eigaren å halde høver og helse ved like. Den kan tåle både boksoppstalling i delar av døgnet, dekken??, liten luftegarde osv, dersom andre delar av miljøet er gode td mykje bruk, regelmessig hyppig verking, godt for. Den legg seg på ein ballanse mellom kroppens evne til å organisere seg og nedbryterne sin evne til å bryte han ned, men på eit tilfredsstillande høgt nivå. Og ikkje minst vil han ha litt ekstra å gå på slik at dersom miljøet vert litt verre kan kroppen mobilisere meir og halde forfallet på avstand. Det er det vi kallar ein robust fysikk eller ei god helse.

Rehabilitering gjennom naturleg hestehald
Derimot stiller hesten som er skada eller sjuk og som skal rehabiliterast heilt andre krav. Der vil eg seie at ein MÅ tilby hesten eit naturleg og optimalt miljø. Her kan det også ver ein ballanse mellom organiserande og nedbrytande krefter, men på eit for lågt nivå til at hesten trivast og reknast som frisk. Forverrer ein miljøet berre ørlite er det nok til at hesten vert verre, for kroppen jobber allereide alt han kan for å halde nedbrytarane frå seg. Hesten har ingen ekstra kapital å sette inn for å møte tøffare krav frå omgivelsane. Dette er sjukdom. Når kapitalen er brukt opp og kroppen ikkje kan oppretthalde funksjonane sine lengre vil hesten daue.

For å ikkje verte alt for generell her vil eg kome med nokre betraktningar bygd på den erfaring vi etter kvart har fått med rehabilitering.

Grunnleggjande forhold ved rehabilitering
Hestar som har problem med kropp og høver går ofte inn i ei tilstand der dei røyver seg minst mogleg og får ein veldig sløv innstilling til omgivelsane. Einskilde hestar vil vere irritable og agressive. Dette er ein måte å takle smerter på som vi også kjenner att frå menneske. Når ein startar ei rehabilitering er det fire ting som må gjerast å få hesten ut av denne tilstanden.

1 Ved å trimme høvene slik at dei smertefulle delane vert avlasta, vil hesten klare å bevege seg meir utan å ha det så vondt.

2 Ved å gi hesten eit positivt og stimulerande miljø vil han også føle større trang til å vere aktiv sjølv om han føler smerte

3 Ved å la vere å be hesten om å gjere ting som vil plage han og vere smertefulle får han tillitt til at vi vil han godt, og kan bruke kreftane positivt.

4 Ved å gi hesten eit næringsrikt kosthald vil han få næringsemne til å byggje opp dei skadde kroppsdelane.

Som eg har sagt før tykjer eg ikkje "retningane" i barfotmiljøet gir særleg god meining. Ein naturleg hov kan berre ha ein form. Den riktige. For akkurat denne hoven og hesten. Det er berre ein form som er maksimalt funksjonell frå naturen si side. Den som skal rehabilitere ein hest må difor sjå kva han kan gjere for å hjelpe hesten sjølv til å utvikle denne friske og funksjonelle hoven. Då tykjer eg at det er dumt å ikkje studere all den kunnskap ein kan få tilgang til og kombinere det med dei erfaringane ein har for eit best mogleg resultat. Fasiten er om hesten vert betre. Om ikkje, understøttar ein ikkje dei helande kreftene i tilstrekkeleg grad. Det hjelper ikkje om ein følgjer ei oppskrift til punkt og prikke om pasienten ikkje vert frisk. Om utviklinga går sakte skal ein vere klar over at den kunne gått snarare om ein kunne ha gitt hesten betre forhold. Kan ein ikkje det må ein akseptere at dét er helingspotensialet i nettopp dette miljøet for denne hesten.

Vellukka rehabilitering krev kunnskap og optimalt miljø
For oss er det lettast å tilfredsstille desse krava dersom vi får hesten hit til Handnesgarden. Då veit vi at vi kan bidra best og ha kontroll på miljøfaktorane. Om eigaren sjølv skal ha ansvaret for hesten er det vår oppgåve å hjelpe han til å lukkast. Det er under alle høve eit stort ansvar å ta på seg rehabilitering av hestar.

Eg tykjer dette svarar på om det er hensiktsmessig å gjerde inn 40 mål eller kjøpe seg større gard for at hesten skal gå barfot. Om området ikkje stimulerar hesten sin helingsprosess har det i allfall inga hensikt. Det er mange måter å gi hestane godt miljø frå Strasser sin hofklinik til villhestane i Amerika. Fasiten på om det er godt er om det fungerar for hesten! Heilt uavhengig av kva vi synst om det. Eg tykjer vi har funne ein måte som byggjer helse for hesten. I allfall til no. Om det vil fungere godt nok om 10 år eller om vi då vil sjå openbare manglar med dagens system og endre det kan eg svare på då. På same måten kan eg ikkje svare på korleis andre skal organisere sin utegang om dei har heilt andre føresetnader enn her hjå oss.

Men fordi rehabilitering av hestar stiller store krav til både kunnskap og miljø meinar eg at det er noko for dei få å ha ansvar for. På same måten som at ikkje alle som kan ha hest kan utdanne den til ein velfungerande ride eller køyrehest på ulike nivå, så kan ein heller ikkje vente seg at alle som vil ha ein barfothest sjølv skal få hesten så frisk at den kan fungere under dei fleste forhold.

Hovtrimmen
Den viktigaste oppgåva for ein barfottrim er å gjere hoven så funksjonell som mogleg for hesten ut frå det utgangspunktet ein har. Det er viktig å kunne vurdere kva som er dei største problema og understøtte dei først samstundes som dei sekundære ikkje vert værre. Kvar gong ein tar att hesten må ein gjere denne vurderinga. Det er dei små inngrepa som på sikt er mest effektive. På same måten som når ein styrar ein båt så vil store utslag på roret skape stor reaksjon og igjen behov for store korrigeringar. I starten kjem ein tilsynelatande fort nær målet men på lengre sikt er det ein omveg. Difor er eg skeptisk til store inngrep uansett kven som foreslår det.

Om hoven vert funksjonell ser vi først og fremst på om hesten røyver seg betre. Uannsett om hoven liknar mykje eller lite på eit bilde vi har sett i ei bok av Strasser eller Jackson. Det neste er at hoven får auka sirkulasjon slik at blodet kan frakte næringsstoff til oppbyggjing av vev og frakte bort avfallsstoffar og gift. Og det oppnår vi ved at hesten fløtter føtene sine. Vi ser då at vi er inne i ein god sirkel der lite smerte, god næring og eit stimulerande miljø gir auka rørsle og sirkulasjon i høver og musklar. Auka sirkulasjon gir det levande vevet høve til å skille ut avfallsstoff og regenerere skadd vev. Hesten vil utvikle friskare høver og muskulatur. Den vil føle seg friskare og meir energisk. Den vil røre seg meir osv osv.

Naturleg hestehald er ikkje ein vidundermedisin eller idiotsikker oppskrift, men ei metode som understøttar hesten sin eigen strebing etter å verte frisk.
 

 




Adresse: N-8724 Saura
      Telefon: +47 75 05 73 97      Mobil: +47 958 95 061      E-post: kleo@handnesgarden.no



© Designa Det


 

 

© LightWeb