LightWEB
LightWeb
 
 
 
 


Ø K O L O G I S K   L A N D B R U K

 
 
 
 
 
 
Ø K O L O G I S K   L A N D B R U K

Økologisk landbrukbyggjer på eit heilheitssyn som omfattar økologiske, økonomiske og sosiale sider. Ein prøvar i så stor grad som mogleg å drive landbruk på naturens eigne premissar.

Økologisk landbruk oppsto som, og er ein reaksjon på ei aukande industrialisering av landbruket. Denne industrialiseringen har ført til auka avlingar og billigare mat, men er ei driftsform som er avhengig av bruk av kjemiske/syntetiske driftsmidler. Dette har ført til negative konsekvensar for menneske og miljøet som reststoffer av plantevernmidler og redusert fruktbarhet i jorda. Det kjem av forgiftning, jordpakking, einsidig dyrking, og lite resirkulering av organisk materiale som planterestar og husdyrgjødsel. I det økologiske landbruket ønskjer ein eit sjølvbærande agro-/økosystem i god balanse som i størst mogleg grad er basert på fornybare ressursar. Eit landbruk på naturens egne premisser.

Måla for økologisk landbruk er å:

  •     Produsere matvarer med høg kvalitet, i tilstrekkeleg mengde og rettferdig fordelt
  •     Forvalte naturressursar utan skadeleg verknad på miljø, og sikre jordas frukbarheit 
  •     Sikre genetisk mangfald og artsrikdom
  •     Gi husdyra høve til naturleg atferd
  •     Resirkulering av næringsstoff
  •     God kontakt mellom landbruk og samfunnet ellers
  •     Gi grunnlag for trygg økonomi for utøvarane og rettferdig handel

Bonden sin rolle som medspelar i organiske prosessar

Økologisk landbruk som metode bygger som vi sa på ein reaksjon på det mekaniske synet som fekk gjennomslag i landbruket etter 2.vk. Bønder opplevde at ekspertane og dei innkjøpte driftsmidla tok over for den kjennskap og innsikt i garden og bruk av ressursane som var formidla gjennom generasjonar.

Sjølvsagt er det inga ulempe med akademisk kunnskap, men for å verte ein dyktig økobonde så må ein i tillegg også lære seg å gå inn i og verte ein del av organiske prosessar. Det er ei stor utfordring å vere del av velfungerande naturlege prosessar. Naturen er full av nedbrytarar som tar rede på organisk materiale som er sjukt eller dauda. Levande organismar opprettheld sin form og funksjon gjennom formande krefter som framleis ikkje er klåre for oss korleis fungerar.

Å arbeide med planter og dyr i ei naturleg ramme vil seie at ein søkjer svar på dei utfordringane ein får som bonde, nettopp i naturen. I størst mogleg grad legg ein tilrette for at dei organiserande kreftene som alle levende vesen har, får fungere godt. Dessverre ligg det i vår kultur å søke svaret på dei utfordingane naturen gir oss ved å forvanske og etablere ytterlegare innrettningar som gjer det vanskelegare for dei naturlege organiske prosessane å fungere. Det er prega av ein hierarkisk og pyramidal struktur.
I ein hierarkisk tankegang er det betre å tilføre lettløyseleg næringsstoff direkte til planta, i staden for å la planta ta opp næringsstoff i samspel med mikrolivet i jorda. Effektivt å drepe planter og dyr som vi ikkje vil ha, istaden for å leggje tilrette slik at kulturplantene sjølve klarar konkurransen med ugras og skadedyr . Logisk å lage kompliserte og avanserte husdyrrom for at dyra skal produsere meir og ikkje skal skade kvarandre og avkomet sitt. Når ein kunne oppnådd det same med å gi dei plass ute. Viktig å klippe vekk pelsen til husdyra fordi vi trur at vår agenda for temperaturkontroll er betre enn naturens eigen termostat. Å sette sko på hovane fordi vi trur at hardt jern er meir haldbart enn naturen sin evige fornying og tilpassing av hoven. Lage fôrplaner der vi gir dyra unaturleg, uballansert og kjemisk behandla fôr i staden for reint gras og korn.   Naturen underkastar seg ingen allmektig diktator, naturen fungerer på sin måte uansett kva vi gjer.

Som bonde må vi forholde oss til naturen sin orden, men vi kan velje å arbeide med eller mot naturen. Vi må forhalde oss til eit levande system som stadig er i endring. Vi må lære å improvisere ikkje som ei dårleg nødløysing, men oppleve improvisasjon basert på høg beredskap og som førsterangs løysing slik at vi vert ein aktiv deltakar. Ta i bruk "taus kunnskap" tileigna gjennom direkte kroppslege og sansevare erfaringar. Ein størst mogleg breidde av slike erfaringar bygger eit evneregister som gjer bonden i stand til å spele med i naturens jazzband.



 
 
 
 

G A R D S B E S Ø K   &   S A F A R I

Har du lyst til å besøke ein økologisk gard eller oppleve eit levande kulturlandskap på Helgelandskysten?


Vi tar imot grupper inntil 30 personar for omvisning, opplevingar og aktivitetar. Ta kontakt for meir informasjon og avtale.
 
 
 
 
 
 
 
J O R D   P L A N T E R   D Y R

JORDA ER PLANTENE SITT FORDØYELSE-SYSTEM. PLANTENE ER AVHENGIG AV EIT GODT IMMUNSYSTEM FOR Å VERE FRISKE OG DET ER OGSÅ DYR OG MENNESKE.

Grunnlaget for alt liv Økologisk landbruk går ut på at ein legger til rette for jordorganismene slik at jorda er mest mogleg levande. Plantene vi dyrkar er eit produkt av mikrolivet. Og det er til sist også dyr og menneske.

Husdyra
Det er viktig at dyra skal leve eit liv som er i samsvar med deira instinkt og behov. Det fører til at dei trivst og held seg friske, men også at dei kan gi oss menneske ei djup oppleving av samspel med levende vesen. Alle dyra går fritt ut og inn som dei sjølve vil. Ungane veks opp i flokk i lag med mor si. Og dei èt økologisk fôr som er naturleg for kvar art. Store delar av året streifer dyra fritt i utmarka. Vi har sjølve utvikla driftsløysingar som både er bra for dyra, lågkost og funksjonelle. Dyra er vande med å vere i lag med og samhandle med folk. Vi tar vare på gamle husdyrraser i eit levande kulturlandskap.
 


A B O N N E M E N T   P Å   F R U K T / G R Ø N T

Vi tilbyr ferske økologiske grønsaker og frukt levert direkte til deg kvar 14. dag.
Leveringsdistrikt: Nesna og Rana


Vi har gått inn i samarbeid med Vidar Grøtting i Økomat Innherred for å kunne levere økologisk mat av best mogleg kvalitet og ein grei pris.  Det betyr at du kan gå inn på www.okomat.no og registrere deg som kunde eller bestille varer. Du vil som før få nokre varer vi sjølv har dyrka i Handnesgården.  Ellers tar Vidar inn varer først og fremst frå Trøndelag, men supplerer frå resten av landet og import der det er nødvendig.  Alt er sjølvsagt økologisk!
  • Økologisk kalvekjøt av vestlandsk fjordfe kan også bestillast. Beinfritt og vakumpakka
  • Økologisk potet frå Handnesgården
Før i tida meinte ein at poteten var halve føda, idag er vel kosten litt meir variert. Men det nytter ikkje å få til eit godt middagsmål om poteten ikkje er førsteklasses. Unn deg difor den kjempegode poteten frå Handnesgarden. Handnesgården finn du ute på ei øy på Helgelandskysten. Dette er ein gard med røtter heilt tilbake til steinalderen. Den fruktbare jorda vert også i dag dreven på naturens primissar. Tidleg på våren vert jorda pløyd og gjødsla med 2 år gamal kompost. All jordarbeiding og ugrasregulering går føre seg med hest og handkraft for å ta best mogleg vare på livet i jorda og kvaliteten på plantane som veks her.
Vi tilsett ingen kjemisk gjødsel eller sprøytemiddel. Midnattsol, regn og salt vind frå havet saman med gamal kulturjord gir potetane den spesielt gode og rike smaken.

Vi har desse sortane:
  • Mandelpotet: Kongen blant poteter, velsmakande, mjølen og kokar på 10 min. 180 kr / 10kg
  • Indianarpotet eller Raud Mandel: Liknar på fetteren mandelpotet, men har raudt skal. Gamal sort frå Leirfjord. 180 kr / 10 kg
  • Blåpotet Gamal sort frå Troms, blått skal og blåmelert inni. Veldig god og mjølen. Den poteten som lagrar best. 140 kr/ 10 kg
  • Jøssing Gamal sort frå Handnesøya. Kvit potet med rutete skal. Manges favortitt. 140 kr / 10 kg
  • Aksel Rund og raud, god matpotet 120 kr / 10 kg
Sigbjørn og Jasmin køyrer heim potetane. Ta kontakt og vi leverer på døra.
 

E K T E   S K I N N

Vi selger skinn av gamal norsk sau og vestlandsk fjordfe

Desse dyra har levd eit fritt liv i dei frodige liene på Handnesgården.  Og er økologisk godkjent av Debio.
Dei gamle rasene er ein del av den norske kulturarven og ein levande genbank for framtida.  Dei gjer ein uvurdeleg jobb med å halde kulturlandskapet ved like, og er kilde til flotte opplevingar for folk. Ved å kjøpe eit saue eller kalveskinn kan du glede deg over eit vakkert og anvendeleg inventar og samstundes støtte arbeidet vi gjer for å ta vare på desse dyra.

Ekte skinn av vestlandsk fjordfe
Fjordfe er ei ekte landrase. Det vil seie at dei ikkje er einsarta når det gjeld utsjånad. Difor finn ein mange fargar og hårtypar innan same rasen.   Her er skinn for ein kvar smak. Dyra kan vere kolla eller horna. På bildet ser vi fjordfekua Gry. Vestlandsk fjordfe er ei eldgamal storferase som har røtter langt tilbake heilt til for nærare 3000 år sida. Idag finnst det bare omlag 400 dyr att av denne sjeldne rasen. Dyra er små og raske og er ute heile året. Om vinteren får dei økologisk høy og surfôr og om sommaren går dei ute i utmarka på Handnesøya. Dei et gras, kvist og urter og er med på å halde kulturlandskapet i hevd. Det er eit flott syn å sjå fjordfekua i kystlandskapet. Og Handnesgarden arrangerar safari i kulturlandskapet der du kan oppleve dyra live.

Fjordfeskinn frå Handnesgarden er blanke, røytar ikkje, og er det ypperste du kan få av storfeskinn. Skinna er veldig haldbare, og er like fine i minst 20 år sjølv med hard                  bruk.                                                                                                    

Prisar frå 1 900 kr
varierar etter storleik og kvalitet


Ekte skinn av gamal norsk sau
Gamal norsk sau eller villsau er ei eldgamal sauerase som har røtter langt tilbake. Nokre kallar dei difor steinaldersau. Sauane er små og raske og er ute heile året. Om vinteren får dei økologisk høy og om sommaren går dei ute i utmarka på Handnesøya. Dei et gras, kvist og urter og er med på å halde kulturlandskapet i hevd. Sauane er ville og skyr folk, men sauane våre kjem når vi ropar. Det er dei einaste måten å sanke desse sauane på, dei er lynraske og ikkje lette å fange. Gamal norsk sau er ei ekte landrase. Det vil seie at dei ikkje er einsarta når det gjeld utsjånad. Difor finn ein mange fargar og ulltypar innan same rasen. Her er skinn for ein kvar smak. Sauskinn frå Handnesgarden har tjukk heilårsull, består av dekkhår og underull, og er det ypperste du kan få av saueskinn. Skinna kan vaskast som ullvask, og tørkast flatt og sakte med ullsida opp.                               

Prisar frå 500 kr
alt frå storleik og kvalitet






Adresse: N-8724 Saura
      Telefon: +47 75 05 73 97      Mobil: +47 958 95 061      E-post: kleo@handnesgarden.no



© Designa Det


 

 

© LightWeb