LightWEB
LightWeb

G A M L E   H U S D Y R S R A S E R


I mange moderne menneske sitt bilde av naturen står menneske utafor, i beste fall som eit framandelement og i værste fall som det ultimate skadedyr. Dette natursynet tar eg sterk avstand frå. Mennesket er natur, og har sjølvsagt ein plass i naturen.

Mange religionar sett mennesket i ein forvaltarrolle i høve til naturen. Som andre organismar i naturen påvirker vi også vårt livsmiljø. Skilnaden frå dei er at den kulturelle impuls vi gir, kan arte seg på mange forskjellige måtar. Som menneske i verda i det 21. århundre er vi resultatet av evolusjon, kultur, utdanning, erfaring, personleg innsikt og ambisjon.   Vi står på skuldrane av fortida og er starten på framtida. Slik er kvar tidsalder og kvart menneskeliv eit vendepunkt.

Kulturlandskap er ikkje berre oppstått som eit resultat av jordressursar og klima.. Dette er natur som spring ut av menneskeleg aktivitet og bruk av det dei ser på som ressursar. Utfordringa er om den kulturelle impuls som mennesket gir er opphav til mangfald eller einfald.

Ein må verte kjent med naturen og det levande livet og kjent med kulturen og historia til menneska som virka her før. Men vi må leve i vår tid, med dei rammene som er sett for vårt liv. Vi skapar eit landskap som er bilde på den kultur som vi er ein del av. Om det er ein forvaltarkultur eller ein forbrukskultur.

Som menneske og bonde er det  viktig for oss å vere ein positiv impuls. At vårt daglege virke ikkje skulle utarme dei ressursane vi var sett til å forvalte, men vere eit positivt bidrag.

I kulturlandskapsforvaltninga legg ein mykje vekt på både arkeologi og biologi. Mykje av fokus ligg i korleis bevare artsrike fragment av fortidas kulturlandskap meir eller mindre uavhengig av det landbruk og den kultur vi har idag. Om vi i vårt landbruk og vår kultur ikkje har plass til desse  landskapstypene, organismane og biotopane burde ein heller med respekt kalle desse områda for museale landskap. Eit større fokus burde rettast mot å vidareutvikle landbruket, og leggje vekt på respekt for forfedrene ved å ta vare på spor etter dei, og mangfold og artsrikdom ved å spela på lag med naturen.

Vår tid er ein del av den langsame utviklinga, vår tid sett også spor. Men det treng ikkje nødvendigvis å vere eit atomkraftverk eller ein motorveg som er vår tids ypperste kulturuttrykk.

At aktiv bruk med omtanke vil gi levande kulturlandskap tykjer eg både myndigheitane, landbruket og ikkje minst fagmiljøet som arbeider med kulturlandskapsforvaltning skal ta på alvor.  Korleis engasjere bønder til aktivt å kultivere sitt landskap? Og kva om produksjon av billig mat kom meir i bakgrunnen og artsmangfald og livsmiljø vart verdsett meir?






Adresse: N-8724 Saura
      Telefon: +47 75 05 73 97      Mobil: +47 958 95 061      E-post: kleo@handnesgarden.no



© Designa Det


 

 

© LightWeb