LightWEB
LightWeb

V E S T E R L A N D S K   F J O R D F E

Vestlandsk fjordfe er den eldste norske storferasen


Vestlandsk fjordfe er den eldste norske storferasen, og den einaste der ein finn alle slags farger, og dyr både med og utan horn. Vaksne kyr veier mellom 200 og 400kg levandevekt og dei har fine jur og mjølkar godt med høg proteinprosent. Fine både til kjøt og mjølkeproduksjon. Dyra vert lett tamme og knytta til folk og egnar seg godt som maskot eller som innslag i kulturlandskapet.

I Husdyrlæra frå 1920 beskriv Ødegaard fjordfeet slik;

Vestlands-feet hører heime paa Vestlandet, og likesaa forskjellige som naturforholdene er på denne lange strekning, likesaa forskjellig er feet. Mindst er de kuer, som findes ute paa øyene......... Dyrene er smaa (lev.v. omkr. 250 kg hos kua), kroppen er gjerne noget spinkel, skarp og kantet, men der findes riktig fine melkedyr iblandt, og melkeevnen er i det hele godt utviklet.

Vestlandsk fjordfe er den einaste norske rasen som framleis har det opprinnelege landrasepreget. Det betyr at rasen ikkje har ein eksteriørmessig uniformering, men kan ha alle fargar og teikningar som storfe kan ha, og at dei både kan vere horna eller kolla. Slik norske kyr har vore i tusenvis av år.

Storfeet i Noreg hadde liten differensiering fram til omlag 1850. Kjøp og sal og utveksling av dyr ved fedrifter hadde lange tradisjonar. Statskonulentar sette igang ein type eller raseavl som førte til at kvar landsdel fekk sin rase med tilhøyrande uniform. Berre på Vestlandet og i Norland førde ein vidare landrasetypen. Dei gamle rasene fekk hard konkuranse frå NRF-kua etter kvart som inseminering og meir intensiv fôring vart vanleg frå 1960. På begynnelsen av 80-talet nådde vestlansk fjordfe eit minimum på omlag 80 vaksne kyr, og vart berre halde i hevd av gamle stabeist av nokre bønder som framleis hadde auge for denne særprega rasen. Heldigvis tentest interessen hos nokre få yngre bønder på same tid. Brukarane i Handnesgarden fekk sine første fjordfekyr i 1987, og sida gjekk feriar og bilturar med til å oppsøkje gamle fjordfebønder. I 1993 tok dei initiativ til å danne Laget for vestlandsk fjordfe, og idag er det omlag 350 vaksne kyr fordelt på 58 eigarar. Det utbetalast etter søknad eit eige gammelrasetilskott på 900 kr pr år som ein stimulans til gammelkubøndene

Buskapen i Handnesgarden består idag av omlag 25 vaksne kyr, ungdyr og avlsoksar. Alle dei 7 orginale linene er representerte i flokken.   Det er tatt inn fleire seminoksar til bevaring og bruk av Genressursutvalget frå besetninga, og det er selt over 100 kyr og kviger til andre bruk.

Fram til 2003 vart det produsert mjølk, og avdråtten var frå 2800 liter for kviger og opp til 5600 liter for dei beste kyrne.   Frå gamalt vart mjølka frå denne rasen mest nytta til ysting. Difor har den ein svært høg proteinprosent, og ein proteinsamansetnad som gir høgare osteutbytte.

I dag stellar kyrne kulturlandskapet og produserar kjøt og livdyr for salg. Kjøtet har ein fantastisk god smak og er av det møraste som finst pga finfibra muskulatur og lite seigt bindevev.   Det er synd at kjøtet ikkje kan marknadsførast separat som eit spesialprodukt.

 Fjordfeet har ei særleg god evne til å ta seg fram i all slags terreng. I marka er dei lommekjent, og dei har eit klårt bilde av kor dei kan finne mat. Dei vil oppsøkje nye lokalitetar kvar dag, og kome tilbake med jamne mellomrom når det er ny tilvekst.

Kyrne beitar fritt i naturen 6 mndr i året. Dei øvrige 6 får dei i tillegg fôr i fjøsen.

I tillegg til å skape eit allsidig beitelandskap og representere ein unik genetisk ressurs, er fjordfeet ein viktig del av, og opplevingsfaktor for menneske i, kulturlandskapet.

Vi har kalvar, kviger, kyr og oksar til salgs stort sett til ei kvar tid, og vi kan transportere i heile landet. Ta kontakt for fleire opplysningar på telefon eller e-post.





Adresse: N-8724 Saura
      Telefon: +47 75 05 73 97      Mobil: +47 958 95 061      E-post: kleo@handnesgarden.no



© Designa Det


 

 

© LightWeb