LightWEB
LightWeb

V I  L L S A U

Gammalnorsk sau


Gammalnorsk sau kallast også for villsau, steinaldersau, ursau og utgangarsau. Den er ein relativt opprinneleg grein av den norske/nordeuropeiske landrasen. Den er ei typisk landrase med uensarta farge, ulltype og hornpryd.

Den er liten, men kjøtet har ein type viltsmak som gjer den etterspørt. Dyra er nøysome og hardføre, held seg i flokk og flyktar effektivt frå rovdyr.

Ulla er delt i finfibra botnull og lang og glatt dekkull. Før i tida skilte ein mellom forskjellige sauetyper alt etter kva ulla skulle brukast til, som td. skyvottsau og vadmålssau. Segl på vikingskip vart vevd av den speielle ulla frå denne sauerasen.

Den vart ikkje anerkjent som rase, og Ødegaard skriv, framleis i 1920;

Av norske saueslag har vi, når tauterø sauen unntages, ingen som er av særleg betydning. Den opprindelige norske sau er liten, men finuldet og meget frugtbar. Den gir derfor bra avkom ved blanding med cheviotsauen.

Rasen var nesten utdauda rundt 1970. Men har hatt stort gjennomslag sida og er idag oppe i 20 000 dyr.

Handnesgarden har omlag 150 gamalnorske sauar. Sauane er små og raske og er ute heile året. Om vinteren får dei økologisk høy og om sommaren går dei i utmarka på Handnesøya. Dei et gras, kvist og urter og er med på å halde kulturlandskapet i hevd. Så snart dei kan finne nok mat i skogen trekkjer dei oppover. Store delar av sommaren held sauane til på nordenden av Handnesøya. Utpå hausten kjem dei tilbake til garden når dei treng tilleggsfôr.

Sauane er ville og skyr folk, men sauane kjem når folk dei kjenner ropar. Det er den einaste måten å sanke desse sauane på, dei er lynraske og ikkje lette å fange.

Den viktigaste inntekta av sauane er skinn.  Prisen varierar mellom 400 og 1200 kr, alt etter kvalitet og storleik. Dei finaste skinna får ein frå risbitværar som er 1 ½ år gamle.

Desse går på beite utpå Handnesholmen fram til slakt.





Adresse: N-8724 Saura
      Telefon: +47 75 05 73 97      Mobil: +47 958 95 061      E-post: kleo@handnesgarden.no



© Designa Det


 

 

© LightWeb