LightWEB
LightWeb
 
 
 
 


O M   G A R D E N

 
 
 
 
 
 
H A N D N E S G A R D E N

Ein gard der kvalitet og helse, og respekt for jord og dyr kjem først.


På eit sørvendt nes på Handnesøya i Nesna kommune finn du Handnesgarden.  Handnesgarden er ein eldgamal gard med røtter tilbake til steinalderen. Garden har vore høvdingesete i jernalder og vikingtid og har vore handelssete og sorenskrivargard i nyare fortid.

Garden er godkjent av Debio som økologisk dreven sida 1994, og produkta våre er dermed garantert dyrka etter dei strengaste retningsliner.  I staden for kunstgjødsel og giftige sprøytemiddel, satsar vi på mikrolivet i jorda.  Vi understøtter mikrolivet med naturleg husdyrgjødsel og kompost av planterestar, og pakker ikkje jorda med tunge maskiner men velger hest der det er mogleg. Vi dyrker potet, grønsaker, urter og bær på om lag 10 da og har eit drivhus. Fordi plantene veks i ei levande og vital jord, veks dei godt og held seg friske.

Vi driv med rehabilitering og opplæring av hestar, og har over 20 hestar på garden idag. Vi har også kyr av den urgamle rasen vestlandsk fjordfe, villsau, høns, smålensgjess, bier og arbeidshestar, fransk Percheron Dyra får økologisk for, er ute året rundt, og lever mest molgleg i pakt med sin eigenart og instinkt. Det betyr mellom anna at kalvane får gå i lag med kua og vere ute året rundt. Og at hønsane får leite insekt og frø ute.

Vi nytter arbeidshestar til all dyrking av grønsaker, og mange andre oppgåver på garden. Det gir ein eigen nærleik med jord og natur, og gjer jorda ekstra grøderik.

Vi som bur og arbeider på garden er Sigbjørn Ånes og Kleo Delaveris. I tillegg tar vi imot ungdom som vil prøve seg i j ordbruket og vi har ein lærling i hestefaget

Vårt mål er å drive:
Ein gard der kvalitet og helse, og respekt for jord og dyr kjem først

Litt om kulturlandskapet
På eit sørvendt nes, på Handnesøya i Nesna kommune på Helgeland, ligg Handnesgarden.  Garden ligg i den mellomboreale sone i eit typisk kystklima. Handnesgarden er ein eldgamal gard med røtter truleg tilbake til steinalderen. Garden har vore høvdingesete i jernalder og vikingtid og har vore handelssete og sorenskrivargard i nyare fortid.
I dag er garden delt i fleire bruk som driv med landbruksnæring og fleire buplassar og hytter.
 
Kleo Delaveris og Sigbjørn Ånes kjøpte hovedbruket, Handnesgården, i 1994 og har sida dreve eit allsidig økologisk landbruk. Arbeidshestar spelar ein viktig rolle i mekaniseringa på garden. Det gir ein eigen nærleik med jord og natur, og gjer jorda ekstra grøderik.I tillegg tar dei imot ungdom som vil prøve seg i jordbruket.  Kleo og Sigbjørn må reknast blant pionerane innafor økologisk landbruk i Noreg, og har vore aktive innafor øko-rørsla sida slutten på 70-talet. Denne filosofien og driftsmetoden er kilden til eit allsidig plante og dyreliv. Kulturlandskap finn ein over alt på jorda der det bur menneske. Kultur er i utgangspunktet ei nemning på korleis menneske endrar naturen for å verte meir tilpassa til vår art. Ordet kjem frå å kultivere som tyder å dyrke jorda. Vi menneske har  endra og forma livsmiljøet vårt for at det skal skaffe oss mat lettare, for at vi skal bu betre, gi oss ly og fordi vi ønskjer at det skal sjå ut på ein særskild måte.  Kulturlandskapet på Handnes er eit uttrykk først og fremst på den aktivitet som dei mennska som lever der idag uttrykker, men her er også spor etter tidlegare tider sin kulturelle påverknad.

Ved å følgje dei gamle ferdselsvegane får vi ein levande og allsidig oppleving av kulturlandskapet på Handnes. 

Viktige tiltak i kulturlandskapet i tilknytting til drifta i Handnesgarden er

  • ta vare på og ruste opp dei gamle ferdselsvegane
  • sikre bruk av all innmark
  • bruke og kultivere innmarksbeiter
  • bruk og kultivering av utmarksbeiter
  • halde fram med drift med gamle husdyrraser (smålensgås, vestlandsk fjordfe, gammalnorsk sau)
  • gjere tilpassningar for å lette livet til ville fuglar og dyr som td frosken
  • restaurere, vedlikehalde og finne bruksområde til gamle bygningar (gamlehuset og gamlefjøsen)
  • restaurere og finne skånsame bruksmåtar for Strupen.
  • halde fram med tradisjonell bruk av Handnesholmen
  • gjennomføre ei profesjonell kartleggjing av kulturminner og biologi. 
  • ta spesielle omsyn og vedlikehalde kulturminner, naturfenomen og småbiotop
  • tilby opplevingar og aktivitetar som kan auke kunnskap og forståing for kulturlandskapet



 

K L E O   D E L A V E R I S

Kleo er faglærar innafor hestefag og økologisk landbruk, har norsk hovslagareksamen, studert kulturlandskapsforvaltning, homeopati, psykoterapi med hest, kurs i barfottrim med Hiltrud Strasser og Pete Ramey, og Canis klikkertrener-studium .


Kleo Delaveris har arbeidet med og trent hest sida 1978.  I over 20 år har ho køyrt inn og bruka arbeidshestar dagleg i gardsdrifta, og også hjelpt andre med hestane deira. For 12 år sida fekk ho interesse for alternative måtar å trene hest på etter å ha lese boka "Danse med hester" av KF Hempfling.  Denne inspirasjonen var starten på eit omfattande studium på korleis kommunisere og samhandle med hesten på hesten sine eigne primissar. I 1999 prøvde ho for første gang klikkertrening som ein siste utveg for å kome overeins med ein vanskeleg hest.  Dette vart så vellukka at trening med klikker og positiv forsterking blir nytta til alle hestar ho trener. Som ei av dei første i Noreg har Kleo Delaveris gått i djupna på klikkertrenings-metoden og brukar den til å trene hestane sine utan tvang. Klikkertreningen tar utgangspunkt i arbeidet til den amerikanske atferdsforskaren Alexandra Kurland.

Kleo er faglærar innafor hestefag og økologisk landbruk, har norsk hovslagareksamen, studert kulturlandskapsforvaltning, homeopati, psykoterapi med hest, kurs i barfottrim med Hiltrud Strasser og Pete Ramey, og Canis klikkertrener-studium.
Treningsmetoden til Kleo bygger på kontroll av eige kroppsspråk, å bygge gode relasjonar til hestane ved ansvarleg leiarskap og kommunikasjon ved hjelp av klikkertrening.  
 
 
 
 
S I G B J Ø R N   Å N E S

Sigbjørn er utdanna Strasser Professional Hoofcare Specialist, som er ei 2årig utdanning i barfottrim.  Han har norsk hovslagereksamen og kurs med Pete Ramey.


Sigbjørn Ånes har vokst opp i tilknyttning til landbruk og friluftsliv i Sykkylven på Sunnmøre.  Han begynte tidleg å interessere seg for hestar.  Fjordhesten Siri som levde til ho var 33, fekk onkelen då Sigbjørn var 14 år.  Sigbjørn er ein ivrig friluftsmann og har alltid levd nært opptil naturen.  Han er utdanna vegleder frå Norges Høgfjellsskole.  Som 4. generasjon møbelsnikkar er Sigbjørn også ein kløppar til å forme i tre.  Og frå treskjæringa har han opparbeida seg eit godt handlag med verktøyet. Då vi starta gardsdrift i 1986 fann vi ut at hestane for det aller meste kunne gå utan sko.  Etter å ha blitt kjent med arbeidet til amerikanaren Jaime Jackson fall behovet for å sko bort, og den siste hesten Sigbjørn skodde var i 1999.

Sigbjørn er utdanna Strasser Professional Hoofcare Specialist, som er ei 2årig utdanning i barfottrim.  Han har norsk hovslagereksamen og kurs med Pete Ramey.  Sigbjørn har dreve som profesjonell barfottrimmar sida 2002, og trimmar idag omlag 120 hestar regelmessig.
 





Adresse: N-8724 Saura
      Telefon: +47 75 05 73 97      Mobil: +47 958 95 061      E-post: kleo@handnesgarden.no



© Designa Det


 

 

© LightWeb