LightWEB
LightWeb
 
A R B E I D   H E R
 
Velkommen til oss

Handnesgarden er ein arbeidsplass der vi legg vekt på å ta i bruk menneskelege ressursar framfor å investere i maskinar og automatikk.  Til ei kvar tid er garden arbeidsplass for 4-10 menneske.  Vår felles oppgåve er å drive ein økologisk gard og eit hestesenter og ta vare på dei ressursane som finnst på garden.  Minst like viktig er det at kvar og ein skal utvkle seg både fagleg, men også som menneske.  Vi tar omsyn til den einskilde sine føresetnader.

Når du arbeider her er det din eigen interesse og drivkraft som avgjer kva og kor mykje du vil lære.  Opplæringa bygger på deltaking i dei arbeidsprosessane som til ei kvar tid går føre seg på garden.  Vi følger naturen sin rytme gjennom året.  Du vil lære å samarbeid i ei gruppe og etterkvart løyse meir og meir sjølvstendige oppgåver, fram til at du sjølv kan være arbeidsleiar.

Du kan sende eit brev/mail og skrive litt om deg sjølv og kvifor du vil arbeide her.  Vi tilset folk gjennom heile året.

Arbeidet startar vanligvis kl 8 om morgonen og vi er vanligvis ferdig kl 17.  Frå 11-13 har vi middagspause.  Mandag til fredag har vi felles middag då, medan resten av måltida steller ein seg sjølv.  I onner og ved spesielle høve kan arbeidsdagen vere lengre.

L Æ R L I N G A R   O G   P R A K T I K A N T A R
Vi tilset lærlingar i hestefaget og praktikantar i økologisk landbruk.
Lærlingane kan etter 1 1/2 eller 2 år ta fagbrev. Landbrukspraksis går i utgangspunktet over 1-2 år.
Lærlingar og praktikantar har ei startløn på 3500 kr /månad og fri kost og losji (økologisk mat)

O N N E H J E L P                                                                                                                                                       
Om du vil delta i livet og arbeidet her i Handnesgarden kan du kome for kortare eller lengre tid.  Du får inga formell utdanning men mange erfaringar.  Dette kan også vere ein kjekk aktivitet for små og store familier som har lyst til å gjere noko ilag og med andre menneske
Med utgangspunkt i det folk valigvis tilfører garden med sitt arbeid har vi kome fram til denne utlønninga.

1- 14 dagar   du betalar 150kr/dag, du har rom og middag mandag-ferdag og deltar i arbeidet etter avtale
2-6 veker     du har fri kost og losji og deltar i arbeidet etter avtale
6-12 veker    du har fri kost og losji og 2000 kr/månad i lommepengar
3-12 mndr     du har fri kost og losji og 3500 kr /månad





Adresse: N-8724 Saura
      Telefon: +47 75 05 73 97      Mobil: +47 958 95 061      E-post: kleo@handnesgarden.no



© Designa Det


 

 

© LightWeb